Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 30:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette sa Moses til israelittane. Det var heilt og fullt så som Herren hadde pålagt Moses.

2. Moses sa til overhovuda for Israel-stammane: Dette har Herren gjeve påbod om:

3. Den som gjev Herren ein lovnad eller bind seg med eid til å halda seg frå eit eller anna, må ikkje bryta ordet sitt, men gjera alt han har lova.

4. Når ei ung kvinne som enno bur heime hos far sin, gjev Herren ein lovnad og bind seg til å halda seg frå noko,

5. og far hennar får høyra om lovnaden og kva ho har bunde seg til, men ikkje seier noko til henne om det, då skal kvar lovnad og kvar plikt ho har teke på seg, stå ved lag.

6. Men dersom far hennar same dagen som han får høyra om det, seier nei til henne, då skal ingen av lovnadene eller dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag. Og Herren skal tilgje henne, for faren sa nei til henne.

7. Set at ho, når ho blir gjeven til ein mann, har ein lovnad på seg eller har bunde seg med eit tankelaust ord som kom over leppene hennar.

8. Dersom mannen hennar får høyra om det, men ikkje seier noko til henne same dagen som han høyrer om det, då skal lovnadene og dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 30