Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 3:46-51 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

46. Men som løysepengar for dei 273 førstefødde mellom israelittane som går ut over talet på levittar,

47. skal du ta fem sjekel for kvar. Ein sjekel er tjue gera etter vekta som blir brukt i heilagdomen.

48. Gjev pengane til Aron og sønene hans som løysepengar for dei som er overskytande mellom dei.

49. Moses tok imot løysepengane for dei som var fleire enn talet på dei som var løyste ut med levittane.

50. Frå dei førstefødde mellom israelittane fekk han pengane, 1365 sjekel etter den vekta som blir brukt i heilagdomen.

51. Og Moses gav løysepengane til Aron og sønene hans på Herrens ord, slik Herren hadde pålagt Moses.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 3