Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 3:38-47 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Moses og Aron og sønene hans slo leir framfor bustaden, framfor teltheilagdomen, mot soloppgangen i aust. Det var dei som utførte oppgåver for israelittane ved heilagdomen. Om ein uvigsla kjem nær, skal han døy.

39. Talet på levittane som Moses og Aron mønstra på Herrens ord, slekt for slekt, alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var 22 000.

40. Herren sa til Moses: Du skal mønstra dei førstefødde i Israel, alle av hannkjønn som er ein månad eller meir, og skriva dei inn i manntalet.

41. Du skal ta ut levittane. Dei er mine. Eg er Herren. Du skal ta dei ut i staden for alle dei førstefødde mellom israelittane, og feet til levittane i staden for alt det førstefødde blant feet til israelittane.

42. Då mønstra Moses alle førstefødde mellom israelittane, slik Herren hadde pålagt han.

43. Talet på alle førstefødde som vart mønstra og innskrivne i manntalet, alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var 22 273.

44. Så sa Herren til Moses:

45. Ta levittane i staden for alle dei førstefødde mellom israelittane, og husdyra til levittane i staden for husdyra deira. Levittane er mine. Eg er Herren.

46. Men som løysepengar for dei 273 førstefødde mellom israelittane som går ut over talet på levittar,

47. skal du ta fem sjekel for kvar. Ein sjekel er tjue gera etter vekta som blir brukt i heilagdomen.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 3