Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 3:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er slektshistoria til Aron og Moses, på den tida då Herren tala til Moses på Sinai-fjellet.

2. Dette er namna på Aron-sønene: Nadab, den førstefødde, og Abihu, Elasar og Itamar.

3. Det er namna på sønene Aron hadde, dei som var salva til prestar og vigde til å gjera presteteneste.

4. Nadab og Abihu døydde for Herrens andlet då dei bar fram uvigsla eld for han i Sinai-ørkenen. Dei hadde ingen søner. Sidan gjorde Elasar og Itamar presteteneste under Aron, far sin.

5. Herren sa til Moses:

6. Lat Levi-stammen koma hit! Lat dei gå fram for Aron, presten, og tena han!

7. Dei skal gjera teneste for han og heile forsamlinga framfor teltheilagdomen og utføra tenesta ved bustaden.

8. Dei skal ta hand om alle tinga i teltheilagdomen og pliktene som israelittane har når dei gjer teneste ved bustaden.

9. Du skal gje levittane over til Aron og sønene hans. Mellom israelittane skal desse vera heilt og fullt overgjevne til han.

10. Aron og sønene hans skal du setja til å gjera presteteneste. Kjem ein framand nær det heilage, skal han døy.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 3