Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 28:6-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Dette er det daglege brennofferet, som først vart frambore ved Sinai-fjellet, eit gåveoffer til godange for Herren.

7. Drikkofferet som høyrer til det første lammet, skal vera ein fjerdedels hin, eit offer sterk drikk som du heller ut for Herren i heilagdomen.

8. Det andre lammet skal du ofra i skumringa, og du skal ofra det same grødeofferet og drikkofferet som om morgonen. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren.

9. På sabbatsdagen skal du ofra to årsgamle lam utan feil, og som grødeoffer to tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje og drikkofferet som høyrer til.

10. Dette er sabbats-brennofferet, eit brennoffer for kvar sabbat, i tillegg til det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.

11. På nymånedagane skal de bera fram brennoffer for Herren: to unge oksar, ein vêr og sju årsgamle lam utan feil.

12. For kvar okse skal de som grødeoffer bera fram tre tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje, for den eine vêren to tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje

13. og for kvart lam ein tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje. Det skal vera brennoffer til godange, eit gåveoffer for Herren.

14. Drikkoffera som høyrer til, skal vera ein halv hin vin for kvar okse, ein tredjedels hin for vêren og ein fjerdedels hin for kvart lam. Dette er nymåne-brennofferet, som skal berast fram kvar nymånedag i året.

15. Ein geitebukk skal de òg ofra som syndoffer til Herren, i tillegg til det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.

16. Den fjortande dagen i den første månaden er det påske for Herren.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 28