Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 28:15-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Ein geitebukk skal de òg ofra som syndoffer til Herren, i tillegg til det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.

16. Den fjortande dagen i den første månaden er det påske for Herren.

17. Og frå den femtande dagen i same månaden er det høgtid. Då skal det etast usyra brød i sju dagar.

18. Den første dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko tungt arbeid.

19. Som gåveoffer, brennoffer for Herren, skal de bera fram to unge oksar, ein vêr og sju årsgamle lam, og dei må vera utan feil.

20. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for vêren

21. og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

22. Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer til soning for dykk.

23. Dette skal de ofra i tillegg til den delen av det daglege brennofferet som blir frambore om morgonen.

24. Slik skal de bera fram offer dagleg i sju dagar, som mat, som gåveoffer til godange for Herren. Det skal ofrast i tillegg til det daglege brennofferet, med drikkofferet som høyrer til.

25. Den sjuande dagen skal det vera heilag samling for dykk. Då må de ikkje gjera noko tungt arbeid.

26. På førstegrødedagen, når de feirar vekefesten og ber fram for Herren offer av den nye grøda, skal det vera heilag samling. Då må de ikkje gjera noko tungt arbeid.

27. De skal bera fram eit brennoffer til godange for Herren: to unge oksar, ein vêr og sju årsgamle lam.

28. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for vêren

29. og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

30. Ein geitebukk skal de bera fram til soning for dykk.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 28