Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 28:10-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Dette er sabbats-brennofferet, eit brennoffer for kvar sabbat, i tillegg til det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.

11. På nymånedagane skal de bera fram brennoffer for Herren: to unge oksar, ein vêr og sju årsgamle lam utan feil.

12. For kvar okse skal de som grødeoffer bera fram tre tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje, for den eine vêren to tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje

13. og for kvart lam ein tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje. Det skal vera brennoffer til godange, eit gåveoffer for Herren.

14. Drikkoffera som høyrer til, skal vera ein halv hin vin for kvar okse, ein tredjedels hin for vêren og ein fjerdedels hin for kvart lam. Dette er nymåne-brennofferet, som skal berast fram kvar nymånedag i året.

15. Ein geitebukk skal de òg ofra som syndoffer til Herren, i tillegg til det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.

16. Den fjortande dagen i den første månaden er det påske for Herren.

17. Og frå den femtande dagen i same månaden er det høgtid. Då skal det etast usyra brød i sju dagar.

18. Den første dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko tungt arbeid.

19. Som gåveoffer, brennoffer for Herren, skal de bera fram to unge oksar, ein vêr og sju årsgamle lam, og dei må vera utan feil.

20. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for vêren

21. og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

22. Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer til soning for dykk.

23. Dette skal de ofra i tillegg til den delen av det daglege brennofferet som blir frambore om morgonen.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 28