Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 28:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses:

2. Gjev israelittane dette påbodet og sei til dei: Mine offer av mat, gåveoffer til godange for meg, må de syta for å bera fram for meg til fastsett tid.

3. Du skal seia til dei: Dette er gåveofferet som de skal bera fram for Herren: kvar dag to årsgamle lam utan feil. Det er det daglege brennofferet.

4. Det eine lammet skal du ofra om morgonen, det andre skal du ofra i skumringa.

5. Som grødeoffer skal du bera fram ein tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven.

6. Dette er det daglege brennofferet, som først vart frambore ved Sinai-fjellet, eit gåveoffer til godange for Herren.

7. Drikkofferet som høyrer til det første lammet, skal vera ein fjerdedels hin, eit offer sterk drikk som du heller ut for Herren i heilagdomen.

8. Det andre lammet skal du ofra i skumringa, og du skal ofra det same grødeofferet og drikkofferet som om morgonen. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren.

9. På sabbatsdagen skal du ofra to årsgamle lam utan feil, og som grødeoffer to tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje og drikkofferet som høyrer til.

10. Dette er sabbats-brennofferet, eit brennoffer for kvar sabbat, i tillegg til det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 28