Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 27:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. No kom døtrene til Selofhad fram. Selofhad var son til Hefer, son til Gilead, son til Makir, son til Manasse, Josefs son. Døtrene heitte Mahla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa.

2. Dei stilte seg opp framfor Moses og presten Elasar og leiarane og heile forsamlinga ved opninga til teltheilagdomen og sa:

3. «Far vår døydde i ørkenen, men han var ikkje med i den forsamlinga som sette seg opp mot Herren, Korahs forsamling. Han døydde på grunn av si eiga synd. Og han hadde ingen søner.

4. Skal namnet til far vår gå ut av slekta fordi han ikkje hadde nokon son? Lat oss få eigedom saman med farbrørne våre!»

5. Moses la saka deira fram for Herren,

6. og Herren sa til han:

7. «Det er rett, det som døtrene til Selofhad seier. Gjev dei eigedom til arv saman med farbrørne deira, og lat farsarven gå over til dei!

8. Sei til israelittane: Når ein mann døyr sonelaus, skal de la arven etter han gå over til dottera.

9. Har han inga dotter heller, skal de gje arven til brørne hans.

10. Og har han ikkje brør, skal de la farbrørne hans få arven.

11. Men hadde ikkje far hans nokon bror, skal de gje arven etter han til den næraste slektningen hans. Då er den hans eigedom.» Dette skal vera lov og rett for israelittane, slik Herren påla Moses.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 27