Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 24:17-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Eg ser han, men ikkje no,eg skodar han, men ikkje nær.Ei stjerne stig opp or Jakob,ein kongsstav lyfter seg frå Israel.Han skal knusa Moabs tinningarog skallen på alle søner av Set.

18. Edom skal bli hærteke,Se'ir blir teke i eige av fienden.Israel skal visa si makt.

19. Ein herskar dreg ut frå Jakob,han ryddar ut dei overlevande frå byen.

20. Så fekk Bileam sjå amalekittane. Då bar han fram sin visdomstale:Det fremste av folkeslag er Amalek,men til sist skal han gå under.

21. Då han såg kenittane, bar fram sin visdomstale:Varig er bustaden din,ditt reir er lagt på berget.

22. Likevel skal Kain tærast opp av eld.Kor lenge er det før Assur fører deg i fangenskap?

Les hele kapitlet 4. Mosebok 24