Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 24:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Bileam såg at det var godt i Herrens auge at Israel vart velsigna. Difor gjekk han ikkje bort og søkte varsel denne gongen, slik han hadde gjort dei andre gongene. I staden vende han andletet mot ørkenen.

2. Bileam lyfte auga og såg Israel som låg i leir, stamme for stamme. Då kom Guds ande over han,

3. og han bar fram sin visdomstale:Ord frå Bileam, son til Beor,ord frå mannen med det klåre auget,

4. ord frå ein som høyrer Guds taleog ser syn frå Den veldige,som sig saman, men med opna auge:

5. Kor vakre dine telt er, Jakob,dine bustader, Israel,

6. som vide dalar,som hagar langs ei elv,lik aloetre planta av Herren,lik sedrar langsmed vatnet.

7. Dogga dryp frå greinene,frøet får rikeleg med væte.Større enn Agag skal kongen deira vera,hans kongevelde skal lyftast høgt.

8. Gud, som førte han ut av Egypt,har styrke som ein villokse.Han sluker fiendefolk,knuser knoklane deiraog sårar med pilene sine.

9. Han har lagt seg til ro, han kviler som løva,som løvinna – kven vekkjer dei?Velsigna er den som velsignar deg,forbanna den som forbannar deg.

10. Då flamma Balaks vreide opp mot Bileam. Han slo hendene saman og sa til han: «Eg kalla deg hit for at du skulle forbanna fiendane mine, og sjå, no har du velsigna dei rikt tre gonger!

Les hele kapitlet 4. Mosebok 24