Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 23:20-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Eg fekk i oppdrag å velsigna.Velsignar han, kan ikkje eg gjera det om.

21. Det er ingen vondskap i sikte for Jakob,inga ulukke å sjå for Israel. Herren deira Gud er med dei,med jubelrop blir kongen hylla hos dei.

22. Gud, som førte dei ut av Egypt,har styrke som ein villokse.

23. For det er ingen som tek varsel i Jakob,det finst ikkje spådom i Israel.I rette tid blir det sagt til Jakob og Israelkva Gud har gjort.

24. Sjå, folket reiser seg som ei løvinne,som ei løve fer det opp!Det legg seg ikkje til rofør det har metta seg med rovog drukke blodet av dei det drap.

25. Då sa Balak til Bileam: «Du vil ikkje forbanna dei. Då skal du heller ikkje velsigna dei!»

26. Men Bileam svara: «Har eg ikkje sagt deg at eg må gjera alt det som Herren seier?»

27. Då sa Balak til Bileam: «Kom, så skal eg ta deg med til ein annan stad. Kanskje Gud synest det er rett at du forbannar folket for meg derifrå.»

28. Så tok Balak med seg Bileam opp på toppen av Peor-fjellet, der ein kan sjå ut over heile øydemarka.

29. Bileam sa til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og gjer klar sju oksar og sju vêrar til meg!»

30. Balak gjorde som Bileam sa, og ofra ein okse og ein vêr på kvart altar.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 23