Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 22:7-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Dei eldste i Moab og dei eldste i Midjan tok av stad, og dei hadde spåmannsløn med seg. Då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak.

8. Han sa til dei: «Ver her i natt, så skal eg seia dykk det Herren har sagt til meg.» Så gav Moab-hovdingane seg til hos Bileam.

9. Gud kom til Bileam og sa: «Kven er desse mennene du har hos deg?»

10. Bileam svara Gud: «Balak, son til Sippor, kongen i Moab, har sendt bod til meg:

11. Sjå dette folket som har kome frå Egypt. Dei dekkjer landet så langt auga rekk. Du må koma og forbanna dei for meg! Kanskje eg då kan strida mot dei og driva dei ut.»

12. Gud sa til Bileam: «Gå ikkje med dei! Du skal ikkje forbanna folket, for det er velsigna.»

13. Då Bileam stod opp om morgonen, sa han til hovdingane som Balak hadde sendt: «Gå tilbake til landet dykkar! Herren gjev meg ikkje lov til å følgja med dykk.»

14. Moab-hovdingane tok av stad. Dei kom til Balak og sa: «Bileam ville ikkje vera med oss.»

15. Då sende Balak andre hovdingar, fleire og av høgare byrd enn dei første.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 22