Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 22:31-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Då opna Herren auga til Bileam, og han såg Herrens engel som stod på vegen med drege sverd i handa. Straks bøygde han seg og kasta seg ned med andletet mot jorda.

32. Herrens engel sa til han: «Kvifor har du no tre gonger slege eselet ditt? Sjå, eg har gått ut for å stå deg imot. For eg ser at dette er ei farleg ferd.

33. Eselet såg meg og tok av vegen for meg alle tre gongene. Hadde det ikkje det gjort, ville eg no ha drepe deg, men late eselet leva.»

34. Då sa Bileam til Herrens engel: «Eg har synda! Eg skjøna ikkje at du stod framfor meg på vegen. Om dette er urett i dine auge, skal eg venda heim att.»

35. Herrens engel sa til Bileam: «Følg med desse mennene! Men du må ikkje seia noko anna enn det eg byd deg.» Så følgde Bileam med hovdingane åt Balak.

36. Då Balak fekk høyra at Bileam kom, tok han av stad for å møta han i Ir-Moab, som ligg ved Arnon, i utkanten av landet.

37. Balak sa til Bileam: «Sende eg ikkje bod gong på gong for å henta deg? Kvifor kom du ikkje? Skulle ikkje eg kunna visa deg ære?»

38. Bileam svara: «Sjå, no er eg komen til deg. Og no, kan eg seia kva som helst? Dei orda som Gud legg meg i munnen, dei må eg tala.»

39. Så følgde Bileam med kong Balak, og dei kom til Kirjat-Husot.

40. Balak slakta storfe og småfe og sende til Bileam og dei hovdingane som var med han.

41. Morgonen etter tok Balak med seg Bileam og førte han opp til Bamot Baal. Derifrå kunne han sjå den ytste delen av folkemengda.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 22