Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 22:3-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. og i Moab steig redsla for dette folket som var så talrikt. Dei var redde for å møta Israel.

4. Moab sa til dei eldste i Midjan: «No kjem denne bølingen til å beita ned alt omkring oss her, akkurat som når oksane beiter graset snautt ute på markene.»På den tid var Balak, son til Sippor, konge i Moab.

5. Han sende bodberarar til Bileam, son til Beor, i Petor, som ligg ved elva i det landet der folket hans budde. Dei skulle be han koma, og seia: «Sjå, eit folk har drege ut frå Egypt. Dei dekkjer landet så langt auga rekk, og dei har slege seg ned beint framfor meg.

6. No må du koma og forbanna dette folket! Dei er for talrike for meg. Kanskje eg då kan slå dei og driva dei ut av landet. For eg veit at den du velsignar, er velsigna, og den du forbannar, er forbanna.»

7. Dei eldste i Moab og dei eldste i Midjan tok av stad, og dei hadde spåmannsløn med seg. Då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak.

8. Han sa til dei: «Ver her i natt, så skal eg seia dykk det Herren har sagt til meg.» Så gav Moab-hovdingane seg til hos Bileam.

9. Gud kom til Bileam og sa: «Kven er desse mennene du har hos deg?»

10. Bileam svara Gud: «Balak, son til Sippor, kongen i Moab, har sendt bod til meg:

11. Sjå dette folket som har kome frå Egypt. Dei dekkjer landet så langt auga rekk. Du må koma og forbanna dei for meg! Kanskje eg då kan strida mot dei og driva dei ut.»

12. Gud sa til Bileam: «Gå ikkje med dei! Du skal ikkje forbanna folket, for det er velsigna.»

13. Då Bileam stod opp om morgonen, sa han til hovdingane som Balak hadde sendt: «Gå tilbake til landet dykkar! Herren gjev meg ikkje lov til å følgja med dykk.»

14. Moab-hovdingane tok av stad. Dei kom til Balak og sa: «Bileam ville ikkje vera med oss.»

15. Då sende Balak andre hovdingar, fleire og av høgare byrd enn dei første.

16. Dei kom til Bileam og sa: «Så seier Balak, son til Sippor: Eg bed deg, lat ikkje noko hindra deg i å koma til meg!

17. For eg skal visa deg stor ære, og alt det du bed om, skal eg gjera. Kom no og forbann dette folket for meg!»

Les hele kapitlet 4. Mosebok 22