Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 22:21-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Om morgonen stod Bileam opp, sala eselhoppa si og drog av stad saman med Moab-hovdingane.

22. Då flamma Guds vreide opp fordi han drog, og Herrens engel stilte seg framfor han på vegen som ein motstandar. Sjølv kom han ridande på eselet sitt i lag med dei to tenarane sine.

23. Då fekk eselet auga på Herrens engel som stod der på vegen med drege sverd i handa. Eselet tok av frå vegen og gjekk ut på marka. Men Bileam slo eselet for å få det inn att på vegen.

24. Sidan stilte Herrens engel seg på ein smal veg mellom vinmarkene. Det var steingard på begge sider.

25. Då eselet såg Herrens engel, pressa det seg inn til muren og klemde foten til Bileam mot steinane. Då slo han det ein gong til.

26. Endå ein gong gjekk Herrens engel framom og stilte seg på ein trong stad, der det ikkje var plass til å vika unna, korkje til høgre eller venstre.

27. Då eselet fekk auga på Herrens engel, la det seg ned under Bileam. Raseriet flamma opp i Bileam, og han slo eselet med staven sin.

28. Då gav Herren eselet munn og mæle, og det sa til Bileam: «Kva har eg gjort deg? No er det tredje gongen du slår meg.»

29. Bileam svara eselet: «Du har halde meg for narr. Hadde eg berre eit sverd i handa, skulle eg drepa deg no!»

30. Men eselet sa til Bileam: «Er ikkje eg eselet ditt, som du alltid har ride på, heilt til denne dag? Har eg nokon gong hatt for vane å gjera slikt mot deg?» «Nei», svara han.

31. Då opna Herren auga til Bileam, og han såg Herrens engel som stod på vegen med drege sverd i handa. Straks bøygde han seg og kasta seg ned med andletet mot jorda.

32. Herrens engel sa til han: «Kvifor har du no tre gonger slege eselet ditt? Sjå, eg har gått ut for å stå deg imot. For eg ser at dette er ei farleg ferd.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 22