Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 22:13-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Då Bileam stod opp om morgonen, sa han til hovdingane som Balak hadde sendt: «Gå tilbake til landet dykkar! Herren gjev meg ikkje lov til å følgja med dykk.»

14. Moab-hovdingane tok av stad. Dei kom til Balak og sa: «Bileam ville ikkje vera med oss.»

15. Då sende Balak andre hovdingar, fleire og av høgare byrd enn dei første.

16. Dei kom til Bileam og sa: «Så seier Balak, son til Sippor: Eg bed deg, lat ikkje noko hindra deg i å koma til meg!

17. For eg skal visa deg stor ære, og alt det du bed om, skal eg gjera. Kom no og forbann dette folket for meg!»

18. Bileam svara tenarane til Balak: «Om Balak gav meg alt sølv og gull han har i huset, kunne eg ikkje gå imot det Herren min Gud seier, korkje i smått eller stort.

19. No bed eg om at de òg må vera her i natt, så får eg vita kva meir det er Herren vil seia meg.»

20. Om natta kom Gud til Bileam og sa til han: «Er desse mennene komne for å henta deg, så stå opp og gå med dei! Men gjer ikkje anna enn det eg seier deg.»

21. Om morgonen stod Bileam opp, sala eselhoppa si og drog av stad saman med Moab-hovdingane.

22. Då flamma Guds vreide opp fordi han drog, og Herrens engel stilte seg framfor han på vegen som ein motstandar. Sjølv kom han ridande på eselet sitt i lag med dei to tenarane sine.

23. Då fekk eselet auga på Herrens engel som stod der på vegen med drege sverd i handa. Eselet tok av frå vegen og gjekk ut på marka. Men Bileam slo eselet for å få det inn att på vegen.

24. Sidan stilte Herrens engel seg på ein smal veg mellom vinmarkene. Det var steingard på begge sider.

25. Då eselet såg Herrens engel, pressa det seg inn til muren og klemde foten til Bileam mot steinane. Då slo han det ein gong til.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 22