Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 21:4-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Så braut dei opp frå Hor-fjellet og tok vegen mot Sivsjøen. For dei ville gå utanom Edom-landet. Men på vegen vart folket utolmodig

5. og tok til orde mot Gud og mot Moses: «Kvifor førte de oss ut frå Egypt for å døy i ørkenen? Her finst det korkje brød eller vatn, og vi er inderleg leie av denne elendige maten.»

6. Då sende Herren serafslangar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde.

7. Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tok til orde mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta slangane bort frå oss!» Og Moses bad for folket.

8. Då sa Herren til han: «Lag deg ein serafslange og set han på ei stong! Alle som blir bitne, skal sjå opp på han. Då skal dei leva.»

9. Moses laga ein koparslange og sette han på stonga. Og når nokon vart biten av ein slange og såg på koparslangen, fekk han leva.

10. Israelittane braut opp, og dei slo leir ved Obot.

11. Sidan braut dei opp frå Obot og slo leir ved Ijje-Abarim i ørkenen austafor Moab.

12. Derifrå drog dei vidare og slo leir i Sered-dalen.

13. Derifrå braut dei opp og slo leir på den andre sida av Arnon, i den ørkenen som strekkjer seg utover frå amorittlandet. Arnon er grensa for Moab, mellom Moab og amorittane.

14. Difor heiter det i «Boka om Herrens krigar»:Vaheb i Sufa og dalane,Arnon

15. og dalsidasom strekkjer seg ned mot Arog når til Moabs grense.

16. Så drog dei til Beer. Det er den brønnen der Herren sa til Moses: «Kall saman folket, så skal eg gje dei vatn!»

17. Då song Israel denne songen:Du brønn, vell opp!Syng til den

18. brønnensom hovdingar har grave ut,som dei fremste menn i folket har boramed septer og styrarstav.Frå ørkenen drog dei til Mattana,

19. frå Mattana til Nahaliel, frå Nahaliel til Bamot

20. og frå Bamot til den dalen som går gjennom Moab-høgsletta, under toppen av Pisga-fjellet, der ein kan sjå ut over øydemarka.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 21