Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 21:27-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Difor seier diktarane:Kom til Hesjbon, bygg byen opp att,gjer han urokkeleg, Sihons by!

28. For eld gjekk ut frå Hesjbon,ein loge frå Sihons by,han fortærte Ar i Moab,slukte Bamot ved Arnon.

29. Ve deg, du Moab!Det er ute med deg, du Kemosj-folk.Han har gjort sønene sine til flyktningar,sendt døtrene som fangeferdtil amorittkongen Sihon.

30. Vi skaut dei ned,Hesjbon ligg aud til Dibon.Vi herja heilt til Nofah,som ligg bortmed Medeba.

31. No slo Israel seg ned i amorittlandet.

32. Moses sende folk som skulle spionera i Jaser. Dei tok byane der omkring og dreiv ut amorittane som budde der.

33. Så snudde dei og drog oppover til Basan. Då drog kong Og i Basan ut mot dei med heile hæren sin, og det kom til slag ved Edre'i.

34. Då sa Herren til Moses: «Ver ikkje redd han! Eg har gjeve både han og heile hæren hans og landet hans i dine hender. Du skal gjera det same med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon.»

35. Då slo dei han og sønene hans og heile hæren hans. Ingen overlevande vart att. Så tok dei landet i eige.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 21