Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 21:19-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. frå Mattana til Nahaliel, frå Nahaliel til Bamot

20. og frå Bamot til den dalen som går gjennom Moab-høgsletta, under toppen av Pisga-fjellet, der ein kan sjå ut over øydemarka.

21. Israel sende bodberarar til amorittkongen Sihon og sa:

22. «Lat meg få dra gjennom landet ditt! Vi skal ikkje svinga inn på åkrar eller vinmarker og ikkje drikka vatn or brønnane. Vi skal følgja kongsvegen til vi er komne gjennom landet ditt.»

23. Men Sihon gav ikkje Israel lov til å fara gjennom landet sitt. Han samla heile hæren sin og drog ut mot Israel i ørkenen. Då han kom til Jahas, gjekk han til åtak på dei.

24. Men Israel slo han med sverd og tok landet hans frå Arnon til Jabbok, heilt til ammonittlandet. For langs grensa mot ammonittane var det sterke forsvarsverk.

25. Alle desse byane tok Israel. Og Israel busette seg i amorittbyane, i Hesjbon og i alle landsbyane som høyrde til.

26. For Hesjbon var byen til amorittkongen Sihon. Han hadde ført krig mot den førre kongen i Moab og teke frå han alt landet heilt til Arnon.

27. Difor seier diktarane:Kom til Hesjbon, bygg byen opp att,gjer han urokkeleg, Sihons by!

28. For eld gjekk ut frå Hesjbon,ein loge frå Sihons by,han fortærte Ar i Moab,slukte Bamot ved Arnon.

29. Ve deg, du Moab!Det er ute med deg, du Kemosj-folk.Han har gjort sønene sine til flyktningar,sendt døtrene som fangeferdtil amorittkongen Sihon.

30. Vi skaut dei ned,Hesjbon ligg aud til Dibon.Vi herja heilt til Nofah,som ligg bortmed Medeba.

31. No slo Israel seg ned i amorittlandet.

32. Moses sende folk som skulle spionera i Jaser. Dei tok byane der omkring og dreiv ut amorittane som budde der.

33. Så snudde dei og drog oppover til Basan. Då drog kong Og i Basan ut mot dei med heile hæren sin, og det kom til slag ved Edre'i.

34. Då sa Herren til Moses: «Ver ikkje redd han! Eg har gjeve både han og heile hæren hans og landet hans i dine hender. Du skal gjera det same med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon.»

35. Då slo dei han og sønene hans og heile hæren hans. Ingen overlevande vart att. Så tok dei landet i eige.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 21