Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 21:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kanaanearkongen som budde i Arad i Negev, fekk høyra at Israel gjekk fram på vegen til Atarim. Han gjekk til åtak på Israel og tok nokre av dei til fange.

2. Då gav Israel denne lovnaden til Herren: «Gjev du dette folket i våre hender, skal vi slå byane deira med bann og utsletta dei.»

3. Herren høyrde Israels bøn og gav kanaanearane i deira hender. Og dei slo både kanaanearane og byane deira med bann og utsletta dei. Difor fekk staden namnet Horma.

4. Så braut dei opp frå Hor-fjellet og tok vegen mot Sivsjøen. For dei ville gå utanom Edom-landet. Men på vegen vart folket utolmodig

5. og tok til orde mot Gud og mot Moses: «Kvifor førte de oss ut frå Egypt for å døy i ørkenen? Her finst det korkje brød eller vatn, og vi er inderleg leie av denne elendige maten.»

6. Då sende Herren serafslangar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde.

7. Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tok til orde mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta slangane bort frå oss!» Og Moses bad for folket.

8. Då sa Herren til han: «Lag deg ein serafslange og set han på ei stong! Alle som blir bitne, skal sjå opp på han. Då skal dei leva.»

Les hele kapitlet 4. Mosebok 21