Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 20:2-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Men det var ikkje vatn til dei, og dei slo seg saman mot Moses og mot Aron.

3. Folket tretta med Moses og sa: «Gjev vi hadde omkome då brørne våre omkom for Herrens andlet!

4. Kvifor har de ført Herrens forsamling ut i denne ørkenen så vi må døy her, både vi og feet vårt?

5. Kvifor førte de oss opp frå Egypt når de lét oss koma til denne elendige staden, ein stad der det korkje finst korn eller fiken, vinstokk eller granateple, og ikkje vatn å drikka?»

6. Moses og Aron gjekk bort frå forsamlinga til opninga i teltheilagdomen. Der kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Då synte Herrens herlegdom seg for dei,

7. og Herren sa til Moses:

8. «Ta staven og kall forsamlinga saman, du og Aron, bror din. De skal tala til berget for auga på dei. Då skal det gje frå seg vatn. Du skal få vatn til å strøyma ut til dei frå berget. Slik skal du la folk og buskap få drikka.»

9. Moses tok staven som låg for Herrens andlet, slik han hadde pålagt han.

10. Han og Aron kalla forsamlinga saman framfor berget og sa til dei: «Høyr no, de opprørarar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma ut til dykk frå dette berget?»

11. Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då fossa vatnet fram, og både folket og buskapen deira drakk.

12. Men Herren sa til Moses og Aron: «De trudde ikkje på meg og helga meg ikkje for auga på israelittane. Difor skal de ikkje få føra denne forsamlinga inn i det landet eg har gjeve dei.»

13. Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han viste at han er heilag.

14. Frå Kadesj sende Moses bodberarar til kongen i Edom: «Så seier Israel, bror din: Du veit kor mange vanskar vi har møtt.

15. Fedrane våre drog ned til Egypt, og vi budde i Egypt i lang tid. Men egyptarane mishandla oss og fedrane våre.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 20