Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 20:16-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Då ropa vi til Herren, og han høyrde ropa våre. Han sende ein engel og førte oss ut frå Egypt. Sjå, no er vi i Kadesj, ein by som ligg nær grensa til landet ditt.

17. Lat oss få fara gjennom landet ditt! Vi skal ikkje gå gjennom åkrar eller vinmarker og ikkje drikka vatn or brønnane. Vi skal følgja kongsvegen og ikkje ta av korkje til høgre eller til venstre før vi har kryssa landområdet ditt.»

18. Men svaret frå Edom var: «Du får ikkje dra gjennom hos meg. Gjer du det, kjem eg ut og møter deg med sverd.»

19. Då sa israelittane til han: «Vi vil følgja hovudvegen, og dersom eg eller buskapen min drikk av vatnet som høyrer deg til, skal eg betala for det. Det er inga stor sak, eg vil berre få dra gjennom landet til fots.»

20. Men han svara: «Du får ikkje dra gjennom!» Og Edom drog ut mot dei med ein velvæpna hær og med sterk hand.

21. Edom nekta israelittane å fara gjennom landet hans, og Israel bøygde av.

22. Så braut dei opp frå Kadesj, og heile Israels forsamling kom til Hor-fjellet.

23. Herren tala til Moses og Aron på Hor-fjellet, ved grensa mot Edom-landet. Han sa:

24. «No skal Aron bli sameina med folket sitt. Han får ikkje koma inn i det landet eg har gjeve israelittane, for de sette dykk opp mot det eg sa ved Meriba-kjelda.

25. Ta Aron og Elasar, son hans, og før dei opp på Hor-fjellet.

26. Ta prestekleda av Aron og kle dei på Elasar, son hans! For der skal Aron bli sameina med folket sitt og døy.»

27. Moses gjorde som Herren hadde pålagt han. Medan heile forsamlinga såg på, steig dei opp på Hor-fjellet.

28. Moses tok prestekleda av Aron og kledde Elasar, son hans, med dei. Så døydde Aron der oppe på toppen av fjellet. Då Moses og Elasar kom ned att,

29. skjøna heile forsamlinga at Aron var død. Og heile Israels hus gret over Aron i tretti dagar.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 20