Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 2:13-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. og 59 300 er mønstra i hæren hans.

14. Så kjem Gad-stammen. Eljasaf, son til De'uel, er leiar for Gad-sønene,

15. og 45 650 er mønstra i hæren hans.

16. Dei som er mønstra i Ruben-leiren, er i alt 151 450, hæravdeling for hæravdeling. Desse skal bryta opp som nummer to.

17. Teltheilagdomen skal førast ut når levittleiren bryt opp; han er midt mellom dei andre leirane.Slik dei slår leir, skal dei bryta opp, kvar på sin plass og under sitt banner.

18. Efraim med sitt banner skal slå leir mot vest, hæravdeling for hæravdeling. Elisjama, son til Ammihud, er leiar for Efraim-sønene,

19. og 40 500 er mønstra i hæren hans.

20. Manasse-stammen skal slå leir ved sida av Efraim. Gamliel, son til Pedasur, er leiar for Manasse-sønene,

21. og 32 200 er mønstra i hæren hans.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 2