Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 18:4-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Dei skal vera knytte til deg og halda vakt over teltheilagdomen og alt arbeidet i teltet. Ingen framand må koma dykk nær.

5. De skal halda vakt ved heilagdomen og ved altaret, slik at vreide ikkje skal koma over israelittane.

6. Sjå, det er eg som tek ut brørne dykkar, levittane, frå dei andre israelittane. Dei er ei gåve til dykk og overgjevne til Herren for å gjera arbeid i teltheilagdomen.

7. Du og sønene dine skal ta dykk av prestetenesta. Alt som skal gjerast ved altaret og innanfor forhenget, skal de gjera. Eg gjev dykk prestetenesta i gåve. Men ein framand som gjer tenesta, skal døy.

8. Herren sa til Aron: Sjå, eg gjev deg ansvaret for alle offergåvene eg får. Alle dei heilage gåvene frå israelittane gjev eg deg og sønene dine som dykkar del. Dette skal vera ei evig forskrift.

9. Av alle dei høgheilage offera som blir tekne ut av elden, skal dette høyra deg til: Alle deira offer, alle grødeoffera, syndoffera og skuldoffera, det dei ber fram for meg som høgheilage offer, alt dette skal høyra deg og sønene dine til.

10. I det høgheilage skal du eta det. Berre menn skal eta det. Det skal vera heilagt for deg.

11. Av offergåvene som israelittane gjev, skal dette òg høyra deg til: Alle offer som dei svingar, gjev eg deg og sønene og døtrene dine som ei evig forskrift. Alle i huset ditt som er reine, kan eta av dei.

12. Alt det beste av fin olje og ny vin og korn, det første som dei ofrar til Herren, gjev eg deg.

13. Førstegrøda av alt som veks i landet, og som dei kjem til Herren med, skal vera ditt. Alle i huset ditt som er reine, kan eta av det.

14. Alt som er bannlyst i Israel, skal du òg ha.

15. Alt som opnar morslivet, alt av kjøt og blod som dei ber fram for Herren, både menneske og dyr, skal høyra deg til. Men det som er førstefødd av menneske, og det som er førstefødd av ureine dyr, skal du la dei løysa ut.

16. Løysesummen gjeld frå dei er ein månad gamle, og verdien du gjev dei, skal vera fem sjekel sølv etter vekta i heilagdomen. Der er ein sjekel tjue gera.

17. Men dei førstefødde av kyr, sauer og geiter kan du ikkje løysa ut; dei er heilage. Blodet deira skal du stenka på altaret, og feittet skal du brenna. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren.

18. Men kjøtet skal høyra deg til, saman med brystet som blir svinga, og det høgre låret.

19. Alle heilage gåver som israelittane kjem fram for Herren med, gjev eg deg og sønene og døtrene dine som ei evig forskrift. Dette er ei evig saltpakt for Herrens andlet for deg og di ætt saman med deg.

20. Herren sa til Aron: I landet deira får du ingen eigedom til arv; ingen del skal du ha mellom dei. Eg er din arv og del mellom israelittane.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 18