Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 18:18-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Men kjøtet skal høyra deg til, saman med brystet som blir svinga, og det høgre låret.

19. Alle heilage gåver som israelittane kjem fram for Herren med, gjev eg deg og sønene og døtrene dine som ei evig forskrift. Dette er ei evig saltpakt for Herrens andlet for deg og di ætt saman med deg.

20. Herren sa til Aron: I landet deira får du ingen eigedom til arv; ingen del skal du ha mellom dei. Eg er din arv og del mellom israelittane.

21. Men eg lèt levittane få all tienda i Israel til arv. Det får dei som løn for arbeidet sitt, for tenesta ved teltheilagdomen.

22. Dei andre israelittane må aldri meir koma nær teltheilagdomen, så dei ikkje fører skuld over seg og må døy.

23. Det er levittane som skal gjera teneste ved teltheilagdomen og bera straffa for deira synder. Dette er ei evig ordning gjennom alle slekter.Men mellom israelittane skal dei ikkje ha jordeigedom til arv.

24. For det er tienda, den offergåva som israelittane kjem fram for Herren med, eg lèt levittane få til arv. Difor har eg sagt til dei at dei ikkje får jordeigedom til arv mellom israelittane.

25. Herren sa til Moses:

26. Du skal tala til levittane og seia til dei: Når de tek imot tiend frå israelittane, den delen som eg lèt dykk få frå dei, den som er dykkar i staden for jordeigedom, då skal de ta ein tiandepart av tienda og gje som offergåve til Herren.

27. Denne gåva skal reknast for dykkar gåve på same måten som med kornet frå treskjevollen og vinen frå vinpressa.

28. På den måten skal de òg bera fram gåver til Herren av all tienda de får frå israelittane. Og den delen av tienda som Herren skal ha, skal de gje til Aron, presten.

29. Av alle gåvene de får, skal de bera fram for Herren det han skal ha. Den beste delen av kvar gåve skal de helga til han.

30. Du skal seia til dei: Når de ber fram det beste til Herren, skal det reknast for levittane som likt med avlinga frå treskjeplass og vinpresse.

31. De kan eta det kvar de vil, de og familiane dykkar. Det er løna de får for tenesta ved teltheilagdomen.

32. Når de ber fram det beste av tienda, fører de ikkje skuld over dykk. Då vanhelgar de ikkje dei heilage gåvene frå israelittane, og de skal ikkje døy.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 18