Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 17:6-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Moses tala til israelittane. Og alle leiarane for stammane gav han kvar sin stav, ein stav for kvar stamme, tolv stavar i alt. Mellom dei var staven til Aron.

7. Moses la stavane ned for Herrens andlet i teltet med vitnemålet.

8. Det vart morgon neste dag. Då kom Moses inn i vitnemålsteltet, og sjå, Arons stav, staven for Levis hus, hadde sett friske skot. Han hadde fått knoppar, blømde og bar mandlar.

9. Moses bar alle stavane bort frå Herrens andlet og ut til israelittane. Dei såg på dei, og alle tok kvar sin stav.

10. Herren sa til Moses: «Ber Arons stav inn att og legg han framfor vitnemålet! Den skal takast vare på som eit teikn for dei som vil gjera opprør. Slik skal du stansa murringa deira, så dei ikkje må døy.»

11. Moses gjorde dette. Han gjorde slik Herren hadde pålagt han.

12. Men israelittane sa til Moses: «Vi går jo til grunne! Vi er fortapte alle saman, vi er fortapte!

13. Kvar den som vågar å koma nær til Herrens bustad, døyr. Skal vi gå fullstendig til grunne?»

Les hele kapitlet 4. Mosebok 17