Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 17:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses:

2. Sei til israelittane at dei skal gje deg tolv stavar, ein stav for kvar stamme. Av leiaren for kvar stamme skal du få ein stav, og på den skal du skriva namnet hans.

3. På staven frå Levi skal du skriva Arons namn, for det skal vera ein stav for kvar av leiarane for familiane.

4. Legg stavane i teltheilagdomen framfor vitnemålet, der eg møter dykk.

5. Der skal staven til den mannen eg vel ut, setja friske skot. Så blir eg kvitt all klaginga frå israelittane.

6. Moses tala til israelittane. Og alle leiarane for stammane gav han kvar sin stav, ein stav for kvar stamme, tolv stavar i alt. Mellom dei var staven til Aron.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 17