Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 16:44-50 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

44. Herren sa til Moses:

45. «Gå bort frå denne forsamlinga, så skal eg fortæra dei på ein augneblink.» Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda.

46. Og Moses sa til Aron: «Ta glopanna, legg glør frå altaret i henne og ha røykjelse oppå. Skund deg bort til forsamlinga og gjer soning for dei! For vreide er gått ut frå Herren, det har brote ut pest!»

47. Aron gjorde som Moses hadde sagt. Han tok glopanna og sprang midt inn i forsamlinga. Og sjå, pesten hadde alt brote ut mellom folket. Han la røykjelse på glørne og gjorde soning for folket.

48. Medan han stod der mellom døde og levande, stansa pesten.

49. Men det var 14 700 som døydde av pesten, i tillegg til dei som mista livet for Korahs skuld.

50. Aron gjekk tilbake til Moses ved opninga til teltheilagdomen. Pesten hadde stansa.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 16