Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 16:37-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

37. Sei til presten Elasar, son til Aron, at han skal ta glopannene bort frå brannstaden, for dei er heilage, og spreia glørne vidt utover.

38. Av glopannene til desse syndarane som mista livet, skal du laga tynne, hamra plater til å kle altaret med. Fordi mennene bar dei fram for Herren, har dei vorte heilage. Det skal vera eit teikn for israelittane.

39. Presten Elasar tok bronsepannene som dei hadde bore fram røykjelse i, dei mennene som brann opp, og han hamra dei ut så ein kunne kle altaret med dei.

40. Dette skulle minna israelittane om at ingen framand, ingen som ikkje var av Arons ætt, skulle brenna røykjelse for Herrens andlet og vera lik Korah og forsamlinga hans. Elasar gjorde som Herren hadde sagt til han gjennom Moses.

41. Dagen etter klaga heile Israels forsamling til Moses og Aron. «Det er de som har drepe Herrens folk!» sa dei.

42. Men når forsamlinga no slo seg saman mot Moses og Aron, vende dei seg begge mot teltheilagdomen. Og sjå, skya låg over teltet, og Herrens herlegdom synte seg.

43. Då gjekk Moses og Aron fram for teltheilagdomen.

44. Herren sa til Moses:

Les hele kapitlet 4. Mosebok 16