Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 16:18-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Så tok kvar mann si glopanne, hadde glødande kol i dei og la røykjelse på. Så stilte dei seg i opninga til teltheilagdomen saman med Moses og Aron.

19. Korah samla heile forsamlinga mot dei ved opninga til teltheilagdomen.Då synte Herrens herlegdom seg for heile forsamlinga.

20. Herren sa til Moses og Aron:

21. «Skil dykk ut frå denne forsamlinga, så skal eg fortæra dei på ein augneblink!»

22. Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «Gud, Gud over livsanden i alt som er av kjøt og blod! Blir du harm på heile forsamlinga fordi éin mann syndar?»

23. Herren sa til Moses:

24. «Tal til forsamlinga og sei: Hald dykk borte frå plassen omkring bustaden til Korah, Datan og Abiram!»

25. Moses reiste seg og gjekk bort til Datan og Abiram, og Israels eldste følgde han.

26. Han sa til forsamlinga: «Vend dykk bort frå telta til desse lovlause mennene, og rør ikkje noko som er deira. Elles blir de òg rivne bort på grunn av alle syndene deira.»

27. Då gjekk dei bort frå området kring bustaden til Korah, Datan og Abiram. Datan og Abiram var komne ut og stod framfor teltdøra saman med konene, dei vaksne borna og småborna sine.

28. Moses sa: «Ved dette skal de vita at det er Herren som har sendt meg for å gjera alle desse gjerningane, det er ikkje frå mitt eige hjarte.

29. Dersom desse døyr på same måten som andre menneske og blir ramma som alle andre, då har ikkje Herren sendt meg.

30. Men dersom Herren viser si skaparmakt slik at jorda opnar gapet og sluker dei og alt som høyrer dei til, så dei fer levande ned til dødsriket, då skal de vita at desse mennene har forakta Herren.»

31. Med det same han hadde sagt dette, rivna jorda under dei.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 16