Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 15:10-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Som drikkoffer skal du bera fram ein halv hin vin. Det er eit gåveoffer til godange for Herren.

11. Såleis skal de gjera med kvar okse eller vêr, kvart lam eller kje.

12. Anten de ofrar mange eller få, skal de gjera så med kvart einaste dyr.

13. Alle som er fødde i landet, skal gjera det slik når dei ber fram gåveoffer til godange for Herren.

14. Og når ein innflyttar som bur blant dykk eller ein gong i framtida kjem til å bu mellom dykk, vil bera fram eit gåveoffer til godange for Herren, så skal han gjera det slik de gjer det.

15. I forsamlinga skal ei og same ordning gjelda både for dykk og for innflyttarane som held til hos dykk, ei evig ordning gjennom alle slekter. De og innflyttarane skal stå likt for Herren.

16. Same lov og same rett skal gjelda for dykk og for innflyttarane som held til hos dykk.

17. Herren sa til Moses:

18. Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet som eg vil føra dykk til,

19. og et av det brødet som landet gjev, då skal de gje ei offergåve til Herren.

20. Det første brødet de bakar, skal de gje i offergåve. De skal gjera det på same måten som med offergåva frå treskjevollen.

21. Av det første de bakar, skal de gjennom alle slekter gje Herren eit brød som offergåve.

22. De er kan henda aktlause så de ikkje held alle desse påboda som Herren har gjeve Moses,

23. alt det Herren har pålagt dykk gjennom Moses, heilt frå den dagen han gav boda sine, og gjennom alle slekter.

24. Om det vart gjort i vanvare og utan at forsamlinga visste om det, skal heile forsamlinga ofra ein ung okse som brennoffer til godange for Herren, med grødeoffer og drikkoffer slik regelen seier, og ein geitebukk som syndoffer.

25. Presten skal gjera soning for heile Israels forsamling, så dei får tilgjeving. For det var gjort av vanvare, og dei har bore fram offeret sitt, eit gåveoffer til Herren og eit syndoffer for Herrens andlet for det dei gjorde av vanvare.

26. Då skal heile Israels forsamling og innflyttarane som held til hos dykk, få tilgjeving. For heile folket hadde del i aktløysa.

27. Når eit einskilt menneske syndar av vanvare, skal det bera fram ei årsgammal geit som syndoffer.

28. Presten skal gjera soning for Herrens andlet for den som var aktlaus, sidan han synda av vanvare. Når det er gjort soning for han, skal han få tilgjeving.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 15