Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 15:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses:

2. Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i landet de skal bu i, det som eg vil gje dykk,

3. og ber fram for Herren gåveoffer av storfe eller småfe til godange for Herren, anten det er eit brennoffer eller eit slaktoffer for å oppfylla ein lovnad, anten som frivillig gåve eller på ei av høgtidene dykkar,

4. då skal den som ber offeret sitt fram for Herren, koma med eit grødeoffer: ein tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein fjerdedels hin olje.

5. Saman med brennofferet eller slaktofferet skal du òg gje ein fjerdedels hin vin som drikkoffer for kvart lam.

6. Men er det ein vêr du ofrar, skal grødeofferet vera to tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein tredjedels hin olje,

7. og drikkofferet ein tredjedels hin vin. Du skal ofra det til godange for Herren.

8. Ofrar du ein ung okse som brennoffer eller slaktoffer for å oppfylla ein lovnad eller som eit fredsoffer til Herren,

9. då skal du saman med oksen bera fram som grødeoffer tre tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein halv hin olje.

10. Som drikkoffer skal du bera fram ein halv hin vin. Det er eit gåveoffer til godange for Herren.

11. Såleis skal de gjera med kvar okse eller vêr, kvart lam eller kje.

12. Anten de ofrar mange eller få, skal de gjera så med kvart einaste dyr.

13. Alle som er fødde i landet, skal gjera det slik når dei ber fram gåveoffer til godange for Herren.

14. Og når ein innflyttar som bur blant dykk eller ein gong i framtida kjem til å bu mellom dykk, vil bera fram eit gåveoffer til godange for Herren, så skal han gjera det slik de gjer det.

15. I forsamlinga skal ei og same ordning gjelda både for dykk og for innflyttarane som held til hos dykk, ei evig ordning gjennom alle slekter. De og innflyttarane skal stå likt for Herren.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 15