Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 14:8-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Om han har si glede i oss, fører Herren oss inn i dette landet og gjev det til oss, eit land som fløymer med mjølk og honning.

9. Gjer berre ikkje opprør mot Herren! De skal ikkje vera redde folket i landet, dei er berre ein brødbit for oss. Skuggen deira har vendt seg frå dei, men Herren er med oss. Ver ikkje redde dei!»

10. Men heile forsamlinga ropa at dei skulle steinast. Då synte Herrens herlegdom seg for alle israelittane ved teltheilagdomen.

11. Og Herren sa til Moses: Kor lenge skal dette folket forakta meg? Kor lenge skal dei la vera å tru på meg, endå eg har gjort så mange teikn mellom dei?

12. Lat meg slå dei med pest og driva dei bort! Og så vil eg gjera deg til eit folk som er større og mektigare enn dei.

13. Moses sa til Herren: Egyptarane har høyrt at du med di kraft førte dette folket opp frå landet deira,

14. og dei har fortalt det til dei som bur i dette landet. Dei har høyrt at du, Herre, er midt iblant dette folket, at du viser deg for dei auge mot auge, Herre, når skya di står over dei, og at du går føre dei i ei skysøyle om dagen og i ei eldsøyle om natta.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 14