Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 14:33-42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. Og borna dykkar skal vera gjetarar i ørkenen i førti år. Dei skal lida for at de var trulause, til den siste av dykk endar som lik i ørkenen.

34. Liksom de utforska landet i førti dagar, skal de bera skulda dykkar i førti år, eitt år for kvar dag. De skal få kjenna min uvilje.

35. Eg, Herren, har sagt at slik vil eg gjera med heile denne vonde forsamlinga som har svore seg saman mot meg. I denne ørkenen skal dei enda sine dagar, her skal dei døy.

36. Dei mennene som Moses hadde sendt for å utforska landet, kom att og sette heile forsamlinga opp mot han ved å spreia vonde rykte om landet,

37. og desse mennene som sette ut vonde rykte om landet, døydde av pest for Herrens andlet.

38. Av dei mennene som drog for å utforska landet, fekk berre Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, leva.

39. Då Moses fortalde dette til israelittane, vart folket gripe av djup sorg.

40. Morgonen etter stod dei tidleg opp og gjekk oppover mot høgdedraget. «Kom», sa dei, «lat oss gå opp til den staden Herren har tala om. For vi har synda.»

41. Men Moses sa: «Kvifor vil de gjera imot Herrens ord? Dette kjem ikkje til å lukkast.

42. Gå ikkje opp dit, for Herren er ikkje midt iblant dykk. De kjem berre til å tapa for fiendane dykkar.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 14