Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 14:28-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Sei til dei: Så sant eg lever, seier Herren: Som de har ropa meg i øyret, slik skal eg gjera med dykk.

29. I denne ørkenen skal lika dykkar bli liggjande, alle de som vart mønstra i manntalet, alle frå tjue år og oppover som har klaga over meg.

30. Ingen av dykk skal koma inn i landet som eg med lyft hand svor at de skulle få bu i – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun.

31. Men småborna dykkar, som de meinte ville falla i fiendehand, dei skal eg føra inn. Dei skal læra å kjenna det landet som de vraka.

32. Men lika av dykk skal bli liggjande her i ørkenen.

33. Og borna dykkar skal vera gjetarar i ørkenen i førti år. Dei skal lida for at de var trulause, til den siste av dykk endar som lik i ørkenen.

34. Liksom de utforska landet i førti dagar, skal de bera skulda dykkar i førti år, eitt år for kvar dag. De skal få kjenna min uvilje.

35. Eg, Herren, har sagt at slik vil eg gjera med heile denne vonde forsamlinga som har svore seg saman mot meg. I denne ørkenen skal dei enda sine dagar, her skal dei døy.

36. Dei mennene som Moses hadde sendt for å utforska landet, kom att og sette heile forsamlinga opp mot han ved å spreia vonde rykte om landet,

37. og desse mennene som sette ut vonde rykte om landet, døydde av pest for Herrens andlet.

38. Av dei mennene som drog for å utforska landet, fekk berre Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, leva.

39. Då Moses fortalde dette til israelittane, vart folket gripe av djup sorg.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 14