Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 14:15-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Lèt du dette folket døy, alle som ein, då kjem folka som har høyrt ryktet om deg, til å seia:

16. «Herren makta ikkje å føra dette folket inn i det landet som han med eid hadde lova dei, så han slakta dei ned i ørkenen.»

17. Men no, Herre, vis di store makt, slik du har sagt det:

18. «Herren er sein til vreide og rik på miskunn. Han tilgjev skuld og lovbrot, men lèt ikkje den skuldige vera utan straff. Han straffar borna i tredje og fjerde ledd for synda til fedrane.»

19. Tilgjev i di store miskunn den synda dette folket har gjort, slik du har tilgjeve dette folket heilt frå Egypt og til no.

20. Då sa Herren: Eg tilgjev dei, slik du bed om.

21. Men så sant eg lever, så sant Herrens herlegdom fyller heile jorda:

22. Ingen av desse mennene som har sett min herlegdom og sett dei teikna eg gjorde i Egypt og i ørkenen, og som likevel har sett meg på prøve for tiande gong og ikkje høyrt på det eg har sagt,

23. sanneleg, ingen av dei skal sjå landet eg med eid har lova fedrane deira. Ingen som foraktar meg, skal sjå det!

24. Men Kaleb, tenaren min, har ei anna ånd i seg, og han har følgt meg trufast. Difor vil eg føra han inn i det landet han har vore i, og etterkomarane hans skal få ta det i eige.

25. Men i dalane bur amalekittane og kanaanearane. I morgon må de snu og dra ut i ørkenen, langs vegen mot Sivsjøen.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 14