Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 14:13-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Moses sa til Herren: Egyptarane har høyrt at du med di kraft førte dette folket opp frå landet deira,

14. og dei har fortalt det til dei som bur i dette landet. Dei har høyrt at du, Herre, er midt iblant dette folket, at du viser deg for dei auge mot auge, Herre, når skya di står over dei, og at du går føre dei i ei skysøyle om dagen og i ei eldsøyle om natta.

15. Lèt du dette folket døy, alle som ein, då kjem folka som har høyrt ryktet om deg, til å seia:

16. «Herren makta ikkje å føra dette folket inn i det landet som han med eid hadde lova dei, så han slakta dei ned i ørkenen.»

17. Men no, Herre, vis di store makt, slik du har sagt det:

18. «Herren er sein til vreide og rik på miskunn. Han tilgjev skuld og lovbrot, men lèt ikkje den skuldige vera utan straff. Han straffar borna i tredje og fjerde ledd for synda til fedrane.»

19. Tilgjev i di store miskunn den synda dette folket har gjort, slik du har tilgjeve dette folket heilt frå Egypt og til no.

20. Då sa Herren: Eg tilgjev dei, slik du bed om.

21. Men så sant eg lever, så sant Herrens herlegdom fyller heile jorda:

22. Ingen av desse mennene som har sett min herlegdom og sett dei teikna eg gjorde i Egypt og i ørkenen, og som likevel har sett meg på prøve for tiande gong og ikkje høyrt på det eg har sagt,

23. sanneleg, ingen av dei skal sjå landet eg med eid har lova fedrane deira. Ingen som foraktar meg, skal sjå det!

24. Men Kaleb, tenaren min, har ei anna ånd i seg, og han har følgt meg trufast. Difor vil eg føra han inn i det landet han har vore i, og etterkomarane hans skal få ta det i eige.

25. Men i dalane bur amalekittane og kanaanearane. I morgon må de snu og dra ut i ørkenen, langs vegen mot Sivsjøen.

26. Herren sa til Moses og Aron:

27. Kor lenge skal denne vonde forsamlinga klaga til meg? Eg har høyrt korleis israelittane klagar over meg.

28. Sei til dei: Så sant eg lever, seier Herren: Som de har ropa meg i øyret, slik skal eg gjera med dykk.

29. I denne ørkenen skal lika dykkar bli liggjande, alle de som vart mønstra i manntalet, alle frå tjue år og oppover som har klaga over meg.

30. Ingen av dykk skal koma inn i landet som eg med lyft hand svor at de skulle få bu i – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun.

31. Men småborna dykkar, som de meinte ville falla i fiendehand, dei skal eg føra inn. Dei skal læra å kjenna det landet som de vraka.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 14