Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 13:23-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Då dei kom til Esjkol-dalen, skar dei av ei vinranke med ein drueklase. To mann bar han på ei stong. Dei tok òg granateple og fikenar.

24. Den staden vart kalla Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der.

25. Då det var gått førti dagar, vende dei attende etter å ha utforska landet.

26. Dei kom til Moses og Aron og heile Israels forsamling i Kadesj i Paran-ørkenen. Dei gav rapport til dei og til heile forsamlinga og viste dei frukta dei hadde med frå landet.

27. Til Moses fortalde dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer verkeleg med mjølk og honning, og dette er frukta som veks der.

28. Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er festningsbyar og svært store. Der såg vi anakittar òg.

29. I Negev bur det amalekittar, i fjellandet bur det hetittar, jebusittar og amorittar, og utmed havet og langs Jordan bur kanaanearane.»

30. Kaleb roa ned folket framfor Moses. «Kom, så går vi opp og tek landet i eige!» sa han. «Vi kjem heilt sikkert til å sigra over dei!»

Les hele kapitlet 4. Mosebok 13