Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 13:17-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Då Moses sende dei av stad for å utforska Kanaan-landet, sa han til dei: «Dra opp til Negev og vidare opp i fjellet!

18. Sjå korleis landet er, og om folket som bur der, er sterkt eller veikt, lite eller stort.

19. Korleis er landet dei bur i, er det godt eller dårleg? Kva slag byar held dei til i, er det teltleirar eller festningsbyar?

20. Og korleis er jorda, grøderik eller mager? Veks det tre der eller ikkje? Ver modige og ta med noko av førstegrøda i landet!» Det var tida for dei første druene.

21. Så tok dei av stad og utforska landet frå Sin-ørkenen til Rehob ved Lebo-Hamat.

22. Dei drog opp gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Ahiman, Sjesjai og Talmai. – Hebron var bygd sju år før Soan i Egypt.

23. Då dei kom til Esjkol-dalen, skar dei av ei vinranke med ein drueklase. To mann bar han på ei stong. Dei tok òg granateple og fikenar.

24. Den staden vart kalla Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der.

25. Då det var gått førti dagar, vende dei attende etter å ha utforska landet.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 13