Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 12:9-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Herrens vreide flamma opp mot dei, og han gjekk bort.

10. Då skya drog seg bort frå teltet, sjå, då hadde Mirjam fått ein hudsjukdom, og huda hennar var som snø. Med det same Aron snudde seg mot Mirjam, såg han at ho var sjuk.

11. Han sa til Moses: «Herre, straff oss ikkje for ei synd vi har gjort i vår dårskap.

12. Lat ikkje Mirjam vera lik eit dødt foster som er halvt borttært når det kjem ut or mors liv!»

13. Då ropa Moses til Herren: «Gud, gjer henne frisk!»

14. Men Herren svara Moses: «Om far hennar hadde spytta henne i andletet, måtte ho ikkje då sitja med skam i sju dagar? Ho skal stengjast ute frå leiren i sju dagar. Sidan kan ho koma inn att.»

15. Så stengde dei Mirjam ute frå leiren i sju dagar, og folket braut ikkje opp før ho var komen inn att.

16. Men då drog dei vidare frå Haserot og slo leir i Paran-ørkenen.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 12