Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 1:41-54 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

41. 41 500 vart mønstra i Asjer-stammen.

42. Etterkomarane av Naftali vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne.

43. 53 400 vart mønstra i Naftali-stammen.

44. Dette er dei som vart mønstra av Moses og Aron og leiarane for Israel. Leiarane var tolv mann, éin for kvar slekt.

45. Israelittane vart mønstra, familie for familie, alle stridsføre i Israel som var tjue år eller meir.

46. I alt var det 603 550 som vart mønstra.

47. Men levittane vart ikkje mønstra etter fedrestammen sin saman med dei andre.

48. For Herren hadde sagt til Moses:

49. Berre Levi-stammen skal du ikkje mønstra. Dei skal du ikkje telja saman med dei andre israelittane!

50. Men du skal setja levittane til å ha tilsyn med bustaden for vitnemålet, med alle tinga der og alt som høyrer til. Dei skal bera bustaden og alle tinga som er i han, og gjera teneste i bustaden, og dei skal slå leir kring han.

51. Når bustaden skal flyttast, skal levittane ta han ned. Og når han skal reisast, skal levittane setja han opp. Om ein framand kjem nær han, skal han døy.

52. Israelittane skal slå leir, hæravdeling for hæravdeling, kvar mann i sin leir og under sitt banner.

53. Men levittane skal slå leir kring vitnemålsbustaden, så ikkje vreide skal koma over Israels forsamling. Levittane skal ha tilsyn med vitnemålsbustaden.

54. Dette gjorde israelittane. Alt Herren hadde gjeve Moses påbod om, gjorde dei.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 1