Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 1:13-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. frå Asjer: Pagiel, son til Okran;

14. frå Gad: Eljasaf, son til De'uel;

15. frå Naftali: Ahira, son til Enan.

16. Dette er dei utvalde frå forsamlinga, leiarane for fedrestammane deira, overhovuda for Israels tusen.

17. Moses og Aron tok med seg desse mennene som var nemnde med namn.

18. Så kalla dei heile forsamlinga saman, den første dagen i den andre månaden. Alle som var tjue år eller meir, vart innførte i namnelister etter slekter og familiar, hovud for hovud.

19. Moses mønstra folket i Sinai-ørkenen, slik Herren hadde pålagt han.

20. Etterkomarane av Ruben, Israels førstefødde, vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne, hovud for hovud.

21. 46 500 vart mønstra i Ruben-stammen.

22. Etterkomarane av Simon vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart mønstra, hovud for hovud.

23. 59 300 vart mønstra i Simon-stammen.

24. Etterkomarane av Gad vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 1