Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 1:1-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren tala til Moses i teltheilagdomen i Sinai-ørkenen. Det var på den første dagen i den andre månaden i det andre året etter at dei drog ut frå Egypt. Han sa:

2. Tel opp heile Israels forsamling, slekt for slekt og familie for familie, og skriv opp namna på alle menn, hovud for hovud.

3. Du og Aron skal mønstra alle stridsføre i Israel som er tjue år eller meir, hæravdeling for hæravdeling.

4. Ta med dykk éin mann for kvar stamme, han som er leiar for familiane.

5. Dette er namna på dei mennene som skal stå saman med dykk: Frå Ruben: Elisur, son til Sjede'ur;

6. frå Simon: Sjelumiel, son til Surisjaddai;

7. frå Juda: Nahsjon, son til Amminadab;

8. frå Jissakar: Netanel, son til Suar;

9. frå Sebulon: Eliab, son til Helon;

10. frå Josef-sønene, frå Efraim: Elisjama, son til Ammihud, og frå Manasse: Gamliel, son til Pedasur;

11. frå Benjamin: Abidan, son til Gidoni;

12. frå Dan: Ahieser, son til Ammisjaddai;

13. frå Asjer: Pagiel, son til Okran;

14. frå Gad: Eljasaf, son til De'uel;

15. frå Naftali: Ahira, son til Enan.

16. Dette er dei utvalde frå forsamlinga, leiarane for fedrestammane deira, overhovuda for Israels tusen.

17. Moses og Aron tok med seg desse mennene som var nemnde med namn.

18. Så kalla dei heile forsamlinga saman, den første dagen i den andre månaden. Alle som var tjue år eller meir, vart innførte i namnelister etter slekter og familiar, hovud for hovud.

19. Moses mønstra folket i Sinai-ørkenen, slik Herren hadde pålagt han.

20. Etterkomarane av Ruben, Israels førstefødde, vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne, hovud for hovud.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 1