Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 9:16-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Han bar fram brennofferet og gjorde slik det var fastsett.

17. Grødeofferet bar han òg fram. Han tok ei handfull av det og lét det gå opp i røyk på altaret, i tillegg til morgonbrennofferet.

18. Han slakta oksen og vêren som var fredsoffer for folket. Sønene hans gav han blodet, og han stenka det rundt om på altaret.

19. Feittet på oksen og vêren, både feitthalen, feittet som dekte innvolane, begge nyrene og leverlappen,

20. alt dette la dei på bryststykka. Aron lét feittet gå opp i røyk på altaret.

21. Men bryststykka og det høgre låret svinga han som eit svingeoffer for Herrens andlet, slik som Moses hadde gjeve påbod om.

22. Aron lyfte hendene over folket og velsigna dei. Så gjekk han ned, etter at han hadde bore fram syndofferet, brennofferet og fredsofferet.

23. Sidan gjekk Moses og Aron inn i teltheilagdomen. Då dei kom ut att, velsigna dei folket, og Herrens herlegdom synte seg for heile folket.

24. Det fór ut eld frå Herren og brende opp det som var på altaret, både brennofferet og feittet. Då folket såg det, ropa dei høgt av glede og kasta seg ned med andletet mot jorda.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 9