Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 9:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. På den åttande dagen kalla Moses til seg Aron og sønene hans og dei eldste i Israel.

2. Han sa til Aron: «Ta ein oksekalv til syndoffer og ein vêr til brennoffer, begge utan feil. Lei dei fram for Herrens andlet.

3. Sei så til israelittane: Ta ein geitebukk til syndoffer, ein kalv og eit lam til brennoffer, årsgamle og utan feil,

4. ein okse og ein vêr til fredsoffer som skal ofrast for Herrens andlet, og så eit grødeoffer med olje i. For i dag vil Herren syna seg for dykk.»

5. Dei tok med seg det som Moses hadde gjeve påbod om, fram til teltheilagdomen. Så steig heile forsamlinga fram og stod for Herrens andlet.

6. Då sa Moses: «Dette er det Herren har bode dykk å gjera, slik at Herrens herlegdom skal syna seg for dykk.»

7. Og Moses sa til Aron: «Du skal gå fram til altaret og ofra syndofferet og brennofferet ditt og gjera soning for deg sjølv og for folket! Ber så fram offeret frå folket og gjer soning for dei, som Herren har gjeve påbod om!»

8. Så gjekk Aron fram til altaret og slakta kalven som var syndoffer for han sjølv.

9. Arons søner bar fram blodet til han, og han dyppa fingeren i blodet og strauk det på altarhorna. Resten av blodet helte han ut nedmed altarfoten.

10. Feittet, nyrene og leverlappen av syndofferdyret lét han gå opp i røyk på altaret, slik som Herren hadde pålagt Moses.

11. Men kjøtet og skinnet brende han opp utanfor leiren.

12. Så slakta han brennofferet. Arons søner gav han blodet, og han stenka det rundt om på altaret.

13. Dei gav han sjølve brennofferet, stykke for stykke og med hovudet, og han lét det gå opp i røyk på altaret.

14. Innvolane og beina vaska han og brende dei på altaret saman med brennofferet.

15. Så bar han fram offeret frå folket. Han tok bukken som var syndoffer for folket, slakta han og ofra han som syndoffer på same måten som den første.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 9