Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 8:9-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Han sette turbanen på hovudet hans, og framme på turbanen feste han gullplata, det heilage diademet, slik Herren hadde pålagt han.

10. Så tok Moses salvingsoljen og salva Guds bustad og alt som var i han, og helga det.

11. Sju gonger skvette han olje over altaret og salva både det og alt som høyrde det til, og vaskekaret med understell. Slik helga han det.

12. Noko av salvingsoljen helte han over hovudet på Aron og salva og helga han.

13. Moses førte Aron-sønene fram, kledde dei i kjortlar, spente belte om dei og batt turbanane på dei, slik Herren hadde pålagt han.

14. Så leidde han fram syndofferoksen, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet til oksen.

15. Han vart slakta, og Moses tok blodet og strauk det på altarhorna med fingeren og reinsa altaret for synd. Resten av blodet helte han ut nedmed altarfoten. Slik gjorde han soning for altaret og helga det.

16. Så tok han alt feittet på innvolane og leverlappen og begge nyrene med feittet som var på dei. Moses lét det gå opp i røyk på altaret.

17. Men oksen med skinn, kjøt og mageinnhald brende han i elden utanfor leiren, slik Herren hadde pålagt han.

18. Så leidde han fram brennoffervêren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet til vêren.

19. Han vart slakta, og Moses stenka blodet rundt om på altaret.

20. Vêren vart lema sund, og Moses lét både hovudet og stykka og feittet gå opp i røyk.

21. Innvolane og beina vart vaska i vatn. Så lét Moses heile vêren gå opp i røyk på altaret. Det var eit brennoffer til godange for Herren, eit gåveoffer for Herren slik han hadde pålagt Moses.

22. Så leidde han fram den andre vêren, vigslingsvêren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet til vêren.

23. Han vart slakta, og Moses tok noko av blodet og strauk på høgre øyresnippen til Aron, på høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.

24. Så vart sønene til Aron førte fram, og Moses strauk noko av blodet på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa deira. Resten av blodet stenka han rundt om på altaret.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 8