Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 8:6-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Så førte Moses Aron og sønene hans fram og vaska dei med vatn.

7. Han tok på Aron kjortelen, spente beltet om han, kledde han i kappa, hengde efod-drakta på han med beltet som høyrde til, og feste drakta på han med det.

8. Han sette bryststykket på han, og i bryststykket la han urim og tummim.

9. Han sette turbanen på hovudet hans, og framme på turbanen feste han gullplata, det heilage diademet, slik Herren hadde pålagt han.

10. Så tok Moses salvingsoljen og salva Guds bustad og alt som var i han, og helga det.

11. Sju gonger skvette han olje over altaret og salva både det og alt som høyrde det til, og vaskekaret med understell. Slik helga han det.

12. Noko av salvingsoljen helte han over hovudet på Aron og salva og helga han.

13. Moses førte Aron-sønene fram, kledde dei i kjortlar, spente belte om dei og batt turbanane på dei, slik Herren hadde pålagt han.

14. Så leidde han fram syndofferoksen, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet til oksen.

15. Han vart slakta, og Moses tok blodet og strauk det på altarhorna med fingeren og reinsa altaret for synd. Resten av blodet helte han ut nedmed altarfoten. Slik gjorde han soning for altaret og helga det.

16. Så tok han alt feittet på innvolane og leverlappen og begge nyrene med feittet som var på dei. Moses lét det gå opp i røyk på altaret.

17. Men oksen med skinn, kjøt og mageinnhald brende han i elden utanfor leiren, slik Herren hadde pålagt han.

18. Så leidde han fram brennoffervêren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet til vêren.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 8