Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 8:14-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Så leidde han fram syndofferoksen, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet til oksen.

15. Han vart slakta, og Moses tok blodet og strauk det på altarhorna med fingeren og reinsa altaret for synd. Resten av blodet helte han ut nedmed altarfoten. Slik gjorde han soning for altaret og helga det.

16. Så tok han alt feittet på innvolane og leverlappen og begge nyrene med feittet som var på dei. Moses lét det gå opp i røyk på altaret.

17. Men oksen med skinn, kjøt og mageinnhald brende han i elden utanfor leiren, slik Herren hadde pålagt han.

18. Så leidde han fram brennoffervêren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet til vêren.

19. Han vart slakta, og Moses stenka blodet rundt om på altaret.

20. Vêren vart lema sund, og Moses lét både hovudet og stykka og feittet gå opp i røyk.

21. Innvolane og beina vart vaska i vatn. Så lét Moses heile vêren gå opp i røyk på altaret. Det var eit brennoffer til godange for Herren, eit gåveoffer for Herren slik han hadde pålagt Moses.

22. Så leidde han fram den andre vêren, vigslingsvêren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet til vêren.

23. Han vart slakta, og Moses tok noko av blodet og strauk på høgre øyresnippen til Aron, på høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.

24. Så vart sønene til Aron førte fram, og Moses strauk noko av blodet på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa deira. Resten av blodet stenka han rundt om på altaret.

25. Han tok feittet, både feitthalen, alt feittet på innvolane, begge nyrene med feittet som var på dei, og så det høgre låret.

26. Frå korga med usyra brød som stod for Herrens andlet, tok han ei rund, usyra kake, ei oljekake og eit flatt brød og la det på feittet og det høgre låret.

27. Alt dette la han i hendene på Aron og sønene hans og lét dei svinga det som eit svingeoffer for Herrens andlet.

28. Moses tok det av hendene deira og lét det gå opp i røyk på altaret saman med brennofferet. Det var eit vigslingsoffer til godange for Herren. Eit gåveoffer for Herren var det.

29. Så tok Moses bryststykket og svinga det som svingeoffer for Herrens andlet. Det var den delen Moses fekk av vigslingsvêren, slik Herren hadde pålagt han.

30. Så tok Moses noko av salvingsoljen og av blodet som stod på altaret, og skvette det på Aron og kleda hans og på sønene hans og kleda deira. Slik helga han Aron og kleda hans og sønene og kleda deira.

31. Og Moses sa til Aron og sønene hans: «De skal koka kjøtet ved inngangen til teltheilagdomen og eta det der saman med brødet som er i vigslingskorga, slik eg har bode: Aron og sønene hans skal eta det.

32. Men det som blir att av kjøtet og brødet, skal de brenna opp.

33. Og i sju dagar skal de ikkje forlata inngangen til teltheilagdomen, heilt til den dagen vigslingstida er ute. I sju dagar skal vigslinga vara.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 8