Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 7:21-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Når ein person rører ved noko ureint, anten det er ureinskap på eit menneske eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og motbydeleg, og han så et kjøt av Herrens fredsoffer, då skal han støytast ut frå folket sitt.

22. Herren sa til Moses:

23. Sei til israelittane:De skal ikkje eta feitt, anten det er av okse, sau eller geit.

24. Feittet av sjølvdaude og ihelrivne dyr kan brukast til kva som helst, men de må aldri eta det.

25. For kvar den som et feittet av dyr som det blir ofra gåveoffer av til Herren, skal støytast ut frå folket sitt.

26. Blod må de ikkje eta, anten det er av fugl eller fe, kvar de så bur.

27. Kvar den som et noko slag blod, skal støytast ut frå folket sitt.

28. Herren sa til Moses:

29. Sei til israelittane:Den som vil bera fram eit fredsoffer for Herren, skal koma med det offeret han vil gje Herren av fredsofferet sitt.

30. Med eigne hender skal han koma med det som eit Herrens gåveoffer. Han skal koma med både feittet og bryststykket, og bryststykket skal svingast som eit svingeoffer for Herrens andlet.

31. Presten skal la feittet på altaret gå opp i røyk. Men bryststykket skal Aron og sønene hans ha.

32. Det høgre låret skal de gje presten i gåve av fredsoffera dykkar.

33. Den av Arons søner som ber fram blodet og feittet av fredsofferet, skal ha det høgre låret; det er hans del.

34. For brystet som blir svinga, og låret som blir gjeve i gåve, tek eg imot av israelittane når dei ber fram fredsoffera sine. Eg gjev dei til Aron, presten, og sønene hans. Dette er ei evig forskrift for israelittane.

35. Dette er den delen Aron og sønene hans skal ha av Herrens gåveoffer den dagen dei blir førte fram og skal gjera presteteneste for Herren.

36. Det påla Herren israelittane å gje dei den dagen dei blir salva. Dette er ei evig forskrift for dei gjennom alle slekter.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 7